Neste avis kjem ut 9. september
Torsdag 9. september er klart for ei ny utgåve av avisa. Dette er dagen før det brakar laus med årets småvilt og hjortejakt. Ta kontakt med annonse@moisund-avis.com for å sikre deg annonseplass i god tid.
Om denne nettstaden
Nettstaden til Moisund Avisa vil berre bli oppdatert med nye aviser i fullt format så snart desse er ferdig. Her vil du og i ro og mak kunne bla deg gjennom alle tidlegare aviser, i fulltekst – heilt gratis! Slik vil me ha det på Moisund. Gratis nettavis og papiravis… Dersom du ynskjer å få med deg det som hender i dalstroka innanfor, må du nytte www.moisund.com. Denne sida vert oppdatert fleire gonger i døgeret med nyhende og andre ting. Garantert den mest aktive nettavisa for dalstroka innanfor!!
Moisund avisa
Tordag 25.juni 2009 kom den fyrste avisa frå redaksjonen på Moisund. No tek me sikte på ei utgåve omkring ei gong i månaden. Ei gratisavis som vert distribuert til alle husstander i Bygland kommune, Evje og Hornnes kommune, Iveland kommune, Åseral kommune samt alle med postadresse Bjelland, Byremo, Eiken, Engesland og Hægeland. Dette betyr eit opplag på kring 5000 eksemplar og eit nedslagsområde innan heile 9 kommunar i dalstroka innanfor. Ei gratisavis utan noko form for offentleg stønad eller fritak for avgifter. For å kunne lukkast med prosjektet er me sjølvsagt avhengig av annonsørar, men me er samstundes oppteke av at dette IKKJE skal verte ei ny reklameavis! Dette skal bli avisa eller eit magasin for dalstroka innanfor, som skal nå ut til alle. Trykk på avisframsida på høgre side og du får sjå nettutgåva – GRATIS, i heile sin stas!
Den såkalla FirerBanden
Namnet firerbanden vil vel få einskilde til å tenkje på tilhøva i det kinesiske kommunistpartiet, under leiing av Mao Zedong, sånn om lag midt på 70 talet. I denne samanheng er nemninga meir for eit komplement å rekne. Det var ein ung, sleivkjefta bladfyk i bygdebladet ”Setesdølen ” som nyleg omtala personane, bak avisa du no held i hendene, på denne måten. Ein heiderleg omtale med ikkje på noke vis vil gløyme. Avundsjuke slær ut på så mange vis. Firerbanden vil altso no freiste å gjeve ut ei avis – eller eit magasin som slikt ofte vert kalla no om dagen. Det er berre framtida som kan svare på om me vil lukkast. Ein ting er i alle fall heilt sikkert, og det er at me skal love å gjere vårt beste. Samla he me eit enormt kontaktnett øve store delar av Indre Agder. 3 av oss tek stundom sete i Heradstyret, og kan såleis fye det indre liv i både Bygland – og i Evje & Hornnes kommune på ein særskild måte. Ikkje noke ulempe. Ei stor føremon spør du oss. Ikkje like popu- lært hjå alle. Heller ikkje hjå dei ulike avisredaksjonane kring på Sørlandet. Vår friske og uredde redaksjonelle line , skriven på eigen dialekt vekkjer åtgaum hjå mange. Stundom harme. Dette er ei røynsle me he med oss i sekken etter mange års kringkasting gjennom nettstaden moisund.com. No held me fram med trykksverte på glansa papir. Velkomen som lesar.
Øystein Moi (Tlf: 982 08 547) er busett på Moisund i Evje & Hornnes kommune. Guten er pensjonert fargehandlar og driv no som såpeselgjar øve store delar av Sør-Noreg. Er no inne i sin andre periode med fast sete i Heradstyert i Evje & Hornnes kommune. På visittkortet stend yrkjestittelen ”redaktør.” Det høver seg så mykje betre enn såpeselgjar når ein skal ut blant skriftlærtde folk og lage reportasje til bydebladet.
Odd Helge Liestøl (Tlf: 918 68 502) er busett på Hannåsfeltet i Evje & Hornnes kommune. Til kvardags er denne ungdomen reiselivssjef i Åseral. I helgene legg han ned ufatteleg mange timar i redaksjonslokala hjå moisund.com. Odd Helge sit både i formannskapet og heradstyret i Evje & Hornnes kommune. Etter loddtrekking vart Liestøl tildelt stillinga som dagleg leiar i papiravisa. Ingen veit korleis det vil ende.
Knut På Bø (Tlf: 913 85 441) er ein nøkelperson i det nye mediehuset – i den nye avisa. Knut er utdanna typograf frå 1972 og he såleis vet og forstand på både grafisk design og produksjon. Guten er dagleg leiar hjå Setesdal Trykk as, sjølve nerva i den nye avisa vår. Knut er busett på garden Bø, på vestsida av Byglandsfjorden. Varamann til heradstyret og leiar av det største partiet i Bygland kommune – Bygland Bygdeliste. Knut er skipper på dampbåten Bjoren.
Helge Stokkeland (Tlf: 970 94 503) Ekte Evjegut. Busett i Krossen. Denna karen he hatt trykksverte på båe hendene omtrent sidan var liten gut og stabba rundt i stuttebukser. Han prenta si fyrste avis hjå ”Trykk 16” i Vennesla så tidleg som i 1986. To år seinar vart han tilsett i ”Setesdalstrykk” på Bygland. Denne verksemda he nu flutt inn i nye lokal på Evje og oppdragsmengda er stadig aukande. Setesdaltrykk er eit lutlag der Helge – og Knut På Bø eig kvar sin halvpart av lutane. Med hand om trykkeriet vert Helge ein av grunnpilarane i den nye ”moisund- avis.com.” Dersom Helge går til streik, vert det inga avis.







Avis nr.1 – 2009
Avis nr.2 – 2009
Avis nr.3 – 2009
Avis nr.4 – 2009
Avis nr.5 – 2009