Moisund avisa

Tordag 25.juni 2009 kom den fyrste avisa frå redaksjonen på Moisund. No tek me sikte på ei utgåve omkring ei gong i månaden. Ei gratisavis som vert distribuert til alle husstander i Bygland kommune, Evje og Hornnes kommune, Iveland kommune, Åseral kommune samt alle med postadresse Bjelland, Byremo, Eiken, Engesland og Hægeland. Dette betyr eit opplag på kring 5000 eksemplar og eit nedslagsområde innan heile 9 kommunar i dalstroka innanfor. Ei gratisavis utan noko form for offentleg stønad eller fritak for avgifter. For å kunne lukkast med prosjektet er me sjølvsagt avhengig av annonsørar, men me er samstundes oppteke av at dette IKKJE skal verte ei ny reklameavis! Dette skal bli avisa eller eit magasin for dalstroka innanfor, som skal nå ut til alle. Trykk på avisframsida på høgre side og du får sjå nettutgåva – GRATIS, i heile sin stas!

Stengt for kommentar