Styreleiar har ordet!

Som dykk kan lese i leiaren på side 2 så er det ein hektisk kvardag å drive med avis når ein samstundes er i full jobb. Det siste året he vore særs hektisk for redaksjonen. Styret i avisa er samde i at me må halde fram, men det er einigheit om å redusere noko på utgjevnader. I 2012 tek me difor sikte på å kome ut med 4-5 nummer. Det me kan love er endå meir stoff i desse nummera, og for folk som abonnerar på avisa vil det sjølvsagt verte rimelegare. Me har ikkje som mål å tene pengar på abonnement, berre dekke utgiftene.
Ynskjer du å abonnere eller gje abonnementet vekk som ei gåve kan du sende inn bestillingsslippen i bladet eller melde inn til abonnement@moisund-avis.com.
Styret i avisa takkar alle annonsørar og andre bidragsytarar som gjer det mogleg å gje ut denne avisa og ynskjer desse saman med alle lesarane ei fredfull jol og eit godt nytt år!

Odd Helge Liestøl
Styreleiar

Stengt for kommentar