Arkiv for Moisund-Avis.com

Styreleiar har ordet!

Som dykk kan lese i leiaren på side 2 så er det ein hektisk kvardag å drive med avis når ein samstundes er i full jobb. Det siste året he vore særs hektisk for redaksjonen. Styret i avisa er samde i at me må halde fram, men det er einigheit om å redusere noko på utgjevnader. I 2012 tek me difor sikte på å kome ut med 4-5 nummer. Det me kan love er endå meir stoff i desse nummera, og for folk som abonnerar på avisa vil det sjølvsagt verte rimelegare. Me har ikkje som mål å tene pengar på abonnement, berre dekke utgiftene.
Ynskjer du å abonnere eller gje abonnementet vekk som ei gåve kan du sende inn bestillingsslippen i bladet eller melde inn til abonnement@moisund-avis.com.
Styret i avisa takkar alle annonsørar og andre bidragsytarar som gjer det mogleg å gje ut denne avisa og ynskjer desse saman med alle lesarane ei fredfull jol og eit godt nytt år!

Odd Helge Liestøl
Styreleiar

Fekk DU den siste avisa.

27. oktober var det meininga at oktoberutgåva av avisa skulle dette ned i postkassa til folk i dalstroka innanfor. Er DU ein av dei som normalt fær denne avisa, men som ikkje he sett noko til oktoberutgåva? Send i så fall ein epost til post(a)moisund.com med namn og adresse. Me kan diverre ikkje love å ettersende avisa til den einskilde, men me vil ta opp saka med postverket slik at det ikkje skjer igjen! Her kan du lese avisa>>

Neste avis kjem ut 27. oktober

På grunn av arbeid med kommuneval og bytte av arbeid hjå redaktøren var det ikkje mogleg å kome ut med avis i september. Redaksjonen satsar på at avis i oktober kjem ut som planlagt torsdag den 27. oktober.

Ingen avis i april

På grunn av skade i samband med reportasjeoppdrag og framhald i sjukemelding som følgje av dårleg lekamsrørsle vert det ikkje avis i april. Me vonar å kome sterkt tilbake i mai.

Vil du abonnere på avisa?

Etter mange brev, telefonar og epostar det siste åre he me sett det som naudsynt å lage ei ordning for å kunne abonnere på avisa for folk som bur utanfor nedslagsområdet. På det viset vil alle kunne få avisa heim i postkassa. Denne ordninga gjeld sjølvsagt ikkje dei som bur i det geografiske området som he motteke avisa fast det siste halvanna året – for desse er avisa framleis gratis! »» Vil du abonnere på avisa?

Jolenummeret er no i ute

Etter dei rapportane me he fenge i redaksjonen så he jolenummeret av avisa no kome heim i postkassa til den einskilde. Jolenummeret er og sendt ut til alle fastbuande i Valle og Bykle. Heile dalføret til endes. Dersom Du ikkje he fenge avisa så kan du klikke på lenka til høgre og lese heile avisa på nett.

Jolehelsing frå samferdselsministeren

Fra: Kleppa Magnhild Meltveit
Dato: 7. desember 2010 22.37.39 GMT+01.00
Til: «post(at)moisund-avis.com»
Emne: Ei lita helsing frå Samferdselsministeren

Takk for hyggeleg lesestoff! Det var verkeleg gildt å setja seg  i ein god stol og roa ned med noko anna enn saksdokument.
Her vart eg minna om kulepennsamling, elgpost,  wienerbrød og mykje anna.
Eg såg føre meg den seigliva sauebonden og all erfaringa ein tømmerbilsjåfør har å dela.
Og så buss-sjåføren då! Himla moro,- ja, gjev alle buss-sjåførar kunne seia seg samd i det!

Nok ein gong takk!

Med ynskje om ei fredfull julehelg!

Magnhild Meltveit Kleppa

Neste avis kjem ut 16.desember

Torsdag 16.desember er klart for ei ny utgåve av avisa. Ta kontakt med annonse(alfakrøll)moisund-avis.com for å sikre deg annonseplass i god tid.

No er avisa trykka opp på nytt!

Etter at posten he klart å «surre» vekk heile opplaget på 4500 aviser sist veke, så he ein no måtte trykke denne opp på nytt. Denne he postverketr lova at skal vere i postkassa onsdag og torsdag denne veka. Så får me vona at dei ikkje forsvinn igjen. Leiinga i avisa kan berre be om årsaking for hendinga til lesarane.

Baldian og musa

Kakemenn er viktig for Baldrian og Musa like før jul. Kakemenn kan komme fra så mange slags plasser – og sannelig kan de ikke forsvinne på de utroligste steder. Bakeren vil i alle fall ha sine kakemenn for seg selv. Baking er ingen enkel sak, og når ting begynner å gå galt, får det følger også for andre juleforberedelser. Selve julen henger i en tynn tråd hos Baldrian og Musa. Men når det kommer til stykket – hva er det viktigste i julen ? Musa vet svaret – for finnes det noe mer fantastisk å gi bort enn seg selv ? … Forestillingen passer best for barn over tre år. »» Baldian og musa